Besøksadresse:

Postadresse:

Åpningstider:

Helsetunvegen 18, 3570 Ål

Postboks 139, 3571 Ål

Kontor Etter avtale
Vakttelefon Døgnåpent

Telefon:

Vakttelefon:

E-post adresse:

Besøksadresse:

Helsetunvegen 18, 3570 Ål

Postadresse:

Postboks 139, 3571 Ål

Åpningstider:

Kontor Etter avtale
Vakttelefon Døgnåpent

Telefon:

91 70 62 50

Vakttelefon:

32 08 23 00

E-post adresse:

hallingdalgravferd@jolstad.no

Begravelse er det viktigste ritualet vi har.

Utsiden av kontoret til begravelsesbyrået på ål
På Ål held vi til i forretningsbygget Sundretunet ved avkøyringa frå Rv 7 til Ål sentrum. Lokalet er på gatenivå med parkering ved inngangen.

  • Om kontoret

    Hallingdal gravferdsbyrå vart etablert i 1995. Frå 2014 er byrået ein del av Jølstad og er begravelsesbyrået for heile Hallingdal.

    Terje Nordal er dagleg leiar og gravferdskonsulent.
    Steinar Aa og Torfinn Slåtto er gravferdskonsulentar.

    Vakttelefonen vår er bemanna heile døgnet, også i helger og høgtider.

    Vi har lyse og moderne kontorlokale på Flå, Ål og Geilo og tilbyr gravferdstenester i heile Hallingdal (Flå, Nesbyen, Gol/Herad, Hemsedal, Ål/Torpo/Leveld, Hol/Hovet, Geilo, Dagali og Skurdalen). Du kan når som helst ringe oss for å avtale tid for samtale. Vi har også henteteneste ved dødsfall.

    Gravferd er det viktigaste ritualet vi har.

  • Våre avdelingar

    Vi har også avdelingar her:

    Flå

    Geilo

  • Samarbeidspartnarar

    Blomar
    Vi bestiller blomar frå lokale leverandørar.

    Gravstein
    Nye gravstein blir levert frå vår hovedleverandør Nerland Granittindustri AS. På heimesida er det presentert eit bredt utval av gravstein. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og pristilbod.
    Vi bistår også ved oppussing av gravstein og namnetilføying. Arbeidet blir utført av Melbys Skirfthugging AS.

     

  • Ledige stillingar

    Ledig stilling i Jølstad Hallingdal gravferdsbyrå AS.

    Vi søkjer etter medarbeidar i inntil 50% stilling som gravferdskonsulent knytt til vårt kontor på Ål. Vi dekkjer heile Hallingdal og har også avdelingskontor på Flå og Geilo.

    Vi er ein del av Jølstad og har kollegafellesskap, erfaringsdeling, profesjonell programvare og tilgang på fagutvikling gjennom samlingar og kurs. Som medlem i bransjeorganisasjonen Virke, sikrar vi at arbeidet vert utført i tråd med vedtekne standardar og etiske retningslinjer for gravferdsbransjen. Virke tilbyr også eigne bransjeretta fagkurs.

    Som gravferdskonsulent vil du møte menneske i ein livssituasjon som krev stor grad av evne til empati. Du vil organisere mange små og store detaljar på ein sjølvstendig, ryddig og effektiv måte, trivast med praktisk arbeid og ha sans for estetikk. Vi legg vekt på at våre tilsette har gode samarbeidsevner.

    Som medarbeidar hos oss vil du få ansvar for alle oppgåver som ligg til stillinga som gravferdskonsulent:

    • Gjennomføre planleggingssamtalar med etterlatte, herunder veiledning, oppfølging, administrasjon og koordinering
    • Alt praktisk arbeid i oppdraget, herunder utføre stell av døde, tilrettelegging, pynting og gjennomføring av seremoniar
    • Båretransportar

    Salg og arbeid med gravminne er også ein del av gravferdskonsulenten sin kvardag. I yrket vårt er det ofte tunge løft og du treng derfor god fysikk.

    Det vil vere behov for fleksibilitet i arbeidstid og stillinga inngår i døgnbemanna vaktordning. Grunna responstid i samband med vakt er det nødvendig at du bur i rimeleg reiseavstand til basen vår på Ål.

    Kvalifikasjonar

    • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
    • Serviceinnstilt, sjølvstendig og nøyaktig
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
    • Gode dataferdigheiter
    • Førarkort klasse B
    • Utdanning på høgskolenivå er eit ønske, men ikkje eit krav

    Vi tilbyr ein utfordrande og meiningsfull jobb i eit godt og trygt arbeidsmiljø. Du vil få grundig innføring, veiledning og støtte. Lønn etter avtale. Vi har gruppelivsforsikring og gunstig pensjonssparing.

    Søknadsfrist: 8. januar 2023

    Kontakt for stillinga:

    Terje Nordal

    Tlf. 41145898 Søknad og CV sender du på e-post til terje.nordal@jolstad.no

    Sjå gjerne her for å vite meir om å jobbe hos oss: Jobbe hos Jølstad

Våre ansatte

Terje Nordal

Byråleiar

Steinar Aa

Gravferdskonsulent

Torfinn Slåtto

Gravferdskonsulent

Send oss en henvendelse

Send oss en henvendelse